Undersøking av den homøopatiske helingsprosessen

Undersøkjing av den homøopatiske helningsprosessen
Forord til fjerde bind av «Dei kroniske sjukdomane, deira særeigne natur og homøopatiske kur» (2. utgåve).

Omsett av
homøopat John Petter Lindeland
Nøtterøy 1995 (revidert november 1999)

Vi har gjennom våre sansar inga middel til å oppnå djuptgåande kunnskap om dei indre livsprosessar i mennesket, og det er bare til tider at det er gjeve oss å dra spekulative konklusjonar om kva som skjer. Men vi er ute av stand til å utleda konkluderande bevis for våre forklaringar om forandringar som er observert i det uorgansike riket; fordi forandringar i dei levande organiske strukturar har ingenting felles med det som finn stad i det uorganiske. Her er det heilt andre prosessar som finn stad.

Det er derfor naturleg, at i presentasjonen av den homøopatiske terapien, våga eg ikkje å forklara korleis heling av sjukdomar blir påverka ved å bruka substansar som stimulerar svært liknande og dødelege symptom hjå friske personar. Eg formulerte sjølvsagt ein hypotese om det, men eg ynskja ikkje å kalla det ei forklaring, ei definitiv forklaring ad modus operandi. Dette var heller ikkje nødvendig, fordi det er bare pålagt oss å kurera liknande symptom korrekt og med godt resultat, i samsvar med ein naturlov som gang på gang er blitt stadfesta; ikkje å rosa seg med abstrakte forklaringar, medan pasienten fortsatt er sjuk; for det er det einaste dei såkalla legar hittil har fullendt.

Desse legane har framført mange innvendingar mot dei forklaringane eg har kome med, og dei ville ha foretrukke å forkasta heile den homøopatiske terapeutiske metode (den einaste moglege), bare fordi dei ikkje var nøgd med mine forsøk på å forklara kva som skjer i menneskets indre under homøopatisk kur.

Eg skriv desse linjene, ikkje med auge å tilfredstilla desse kritikarane, men for å leggja fram for meg sjølv og mine etterkomare den genuine homøopatiske praksis, eit anna og meir sannsynleg forsøk av dette slaget mot ei forklaring. Eg presenterar dette fordi menneskesinnet føler den uimotståelege, harmlause og prisverdige impulsen som kan gje næring til idealet der mennesket fullendar det gode gjennom sine gjerningar.

Slik eg andre stadar har vist, er det utenkeleg at vitalkrafta utan assistanse av aktive menneskegjorte legemiddel, skulle (omstemma) koma over sjølv dei lettaste akutte sjukdomar (dersom den då ikkje bukkar under av dei) og gjenoppretta ei slags helse, utan samstundes å ofra ein del (ofte ein stor del) av kroppsvæska og den faste delen av kroppen gjennom ei såkalla krise. Korleis vitalkrafta reagerar på dette, vil for alltid vera ukjent for oss; men så mykje er sikkert, at denne krafta ikkje kan omstemma desse sjukdomane på ein direkte måte utan slike offer. Dei kroniske sjukdomane, som har sitt utspring i miasmene, kan ikkje bli hela utan hjelp, sjølv ved slike offer, heller ikkje kan verkeleg helse bli gjenoppretta ved denne krafta aleine. Men det er likså sikkert, at sjølv om denne krafta blir hjelpt i gang av den sanne (homøopatiske) helingskunsten, leda av den menneskelege forstand, til å overmanna og omstemma (å hela) ikkje bare den raske flyktige, men også dei kroniske sjukdomane som er oppstått frå miasmene ved ein direkte måte og utan slike offer, utan tap av kropp og liv, ikkje desto mindre er det alltid denne krafta, vitalkrafta, som er sigarherren. Det er i dette høve som med eit land sin arme, som driv fienden ut av landet; denne armeen burde bli kalla sigerrik, sjølv om den ikkje hadde sigra utan hjelp frå framande allierte. Det er den organiserte vitalkrafta i vår kropp som helar naturlege sjukdomar av alle slag direkte og utan noko offer, så snart den er blitt hjelpt av det rette (homøopatiske) legemidel til å vinna sigaren. Denne krafta ville verkeleg ikkje ha vore i stand til å sigra utan denne assistansen; for vår organiske vitalkraft er aleine bare tilstrekkeleg til å oppretthalda den uhindra livsprosessen, så lenge ikkje mennesket er dødeleg påverka av fiendtleg verkande kreftar som fôrårsakar sjukdom.

Utan assistanse er vitalkrafta inga likemann til desse fiendtlege krefter; den klarer knapt å bekjempa fiendtleg verknader av same styrke, og dette sanneleg med mange teikn av sine eigne lidingar (som vi kallar dødelege symptom). Ved sine eigne krefter, vil aldri vitalkrafta vera i stand til å overvelda (overvinna) fiendskapen av dei kroniske sjukdomane, ei heller å sigra over forbigåande sjukdomar, dersom den blir verande tilbake utan hjelp frå det riktige legemidel. Å gje slik hjelp er den plikt som er pålagt legen si forståing av Oppretthaldaren av Livet.

Som eg har sagt ovanfor, klarer vitalkrafta knapt å bekjempa fiendtlege verknader som fôrårsakar sjukdom, og endå kan ingen fiende bli overvunne utan ved ei overlegen/større kraft. Bare homøopatisk medisin kan gje denne forsterka krafta til den avkrefta vitalkrafta.

Vitalkrafta aleine, som er ei organisk kraft bare påtenkt å sikra ei uforstyrra helse, utøvar bare ein svak motstand til dei invaderande dødelege fiendar; ettersom sjukdomane veks og aukar, krev det ein sterkare motstand; men i det minste er det bare ein likearta motstand; med svake pasientar er det ikkje ein gong likearta, men svakare. Denne krafta er korkje i stand til, bestemt for eller skapt for (å gje) ein overveldande motstand, som ikkje vil gjera nokon skade på seg sjølv.

Men dersom vi legar er i stand til å presentera og utøva overfor denne instinktive vitalkrafta hennar sjukdomsframkallande fiendar, som blei forsterka gjennom aksjonen av dei homøopatiske legemidlar — sjølv om det kvar gong skulle auka bare litt — på den måten at styrken av den sjukdomsframkallande fienden skulle bli fôrauka opp til fatteevna av livsprinsippet gjennom bruk av homøopatiske legemidlar, som på ein illusorisk måte simulerar (fingerar) den originale sjukdomen, fôrårsakar og tvingar vi vitalkrafta til å auka sine energiar gradvis, og auka dei meir og meir, og til slutt til eit slikt stadium at dei blir langt meir kraftfulle enn den originale sjukdomen. Konsekvensen av dette er, at vitalkrafta igjen får herredøme i sitt område, at den kan halda og styra den indre sanitære framgangen, medan den tilsynelatande forverringa av sjukdomen fôrårsaka av det homøopatiske legemidel, forsvinn av seg sjølv så snart som vi ser styrken av den gjenoppretta vitalkrafta, den gjenvunne helsa, når vi held opp med å bruka desse legemidla.

Ressursane eller den fundamentale essensen i dette vitale livskraftsprinsippet, meddelt oss av den guddommelege Skapar, er utruleg store, dersom vi legar forstår korleis vi skal oppretthalda dens reinleik når vi er friske, ved å leda menneske til eit helsesamt liv, og korleis påkalla og auka den under sjukdom ved rein homøopatisk behandling.

Omsetjinga er gjort ut ifrå den engelske versjonen av 1835, av Prof. Louis H. Tafel.