Samuel Hahnemann om potenseringsprosessen

Hahnemann sine retningsliner med omsyn til dynamisering av legemiddelsubstansar, slik dei er skildra i § 270 i 6. utgåva av «Organon» (merka O:) og kapitlet «Legemidla» i 2. utgåva av «Dei kroniske sjukdommane, deira særeigne natur og homøopatiske kur» (merka KS:).

Ei redigert omsetjing av
homøopat Svein Johannessen
Kvamsøy april 1996
svein@homnor.no

KS: «For å kunne nyttast i den mest fullkomne helingsprosess blir dei råe legemiddelsubstansane sett i ei tilstand av stegvis og høgare utvikling av sine ibuande krefter ved hjelp av ei spesiell behandling, ein metode som ikkje var funne opp før homøopatien si grunnlegging og utdanning. Nokre av desse legemiddelsubstansane viser i deira ubearbeidde tilstand ein svært ufullkommen og lita legemiddelverknad (t.d. koksalt og kråkefotpollen), andre (t.d. gull, kvarts og leire) inga verknad i det heile – men dei alle blir usedvanleg kurerande gjennom homøopatien sitt særeigne tilverkingssett. Atter andre substansar er, allereie i dei minste mengder, så intens i deira verknad at dei verkar etsande og øydeleggjande på animalske fibre når dei , i rå tilstand, rører ved desse (t.d. arsenikk og kvikksølvklorid), men også desse blir ikkje berre mild i sine verknader, men deira til no ukjende kurerande krefter blir også utruleg utvikla gjennom den same tilverkinga, særeigen for homøopatien.

Dei endringane som oppstår i substansane, særleg i dei medisinske – gjennom vedvarande findeling med eit ikkje-medisinsk pulver, eller gjennom (langvarig) støyting, når oppløyst i ei ikkje-medisinsk væske – er så utruleg store at dei grensar mot det mirakuløse, og gledeleg nok tilhøyrer oppdaginga av desse vedunderlege endringane homøopatien.

Desse substansane utviklar ikkje berre sine legemiddelkrefter i umåteleg stor grad, men dei endrar også si fysio-kjemiske åtferd, slik at substansane, sjølv om ein i deira råe form ikkje kunne observere evne til å løyse seg opp korkje i vatn eller vinsprit, blir fullstendig oppløyselege både i vatn og vinsprit etter denne underlege omdanninga – ei uvurderleg oppdaging for legekunsten.»

«For å innføre ein felles standard ved tilverkinga av dei homøopatiske, i særleg grad dei antipsoriske legemidla, tilrår eg, slik eg også sjølv plar gjere, at ein reduserer samtlege legemiddelsubstansar til ein milliondels potens (/1000000 eller C3), verken meir eller mindre, før dei løysast opp, og at ein tilverkar dei naudsynte potensane frå denne oppløysinga.»

O: «- ei lita mengd, om lag eitt gran (62 mg), av den substansen som skal dynamiserast, blir først redusert til ein milliondels fortynning (1000000 eller C3) i pulverform ved hjelp av tre timar lang findeling med tilførsel av 100 gran mjølkesukker i tre omgangar –»

C1
O: «Ein legg tredjedelen av 100 gran pulverisert mjølkesukker i ein glasert porselensmorter som har fått botnen mattslipt med fin, fuktig sand, og heller så eitt gran av den pulveriserte legemiddelsubstansen som skal bearbeidast (ein dråpe kvikksølv, mineralolje o.s.b.) oppå dette pulveret. Det mjølkesukkeret som skal nyttast, må vere av det mest framifrå slaget, krystallisert på trådar og levert i form av runde stenger. Ein blandar saman legemiddel og pulver ved hjelp av ein porselensspatel ein augneblink og findeler blandinga nokså kraftig i 6-7 minutt med ein mattslipt porselenspistill; deretter skrapar ein massen skikkeleg laus (frigjer den) frå botnen av morteren og likeins frå den mattslipte pistillen i om lag 3-4 minutt for å gjere den homogen; ein fortset findelinga med liknande kraft i nye 6-7 minutt, utan ny tilsetning, og skrapar den findelte massen laus frå botnen av morteren og pistillen i 3-4 minutt. Deretter har ein den andre tredjedelen av mjølkesukkeret i, rører alt ein augneblink saman med spatelen, findeler i 6-7 minutt med same kraft som før, deretter skrapar ein atter laus i om lag 3-4 minutt, fortset findelinga i 6-7 minutt utan ny tilsetning og skrapar laus i 3-4 minutt; når dette er gjort, tek ein den siste tredjedelen mjølkesukker, blandar saman med spatelen, findeler atter kraftig i 6-7 minutt, skrapar samen i om lag 3-4 minutt og avsluttar endeleg med den siste 6-7 minutt lange findelinga og den mest omhyggelege avskraping. Det pulveret som ein har tilverka på denne måten, blir oppbevart, verna mot sol- og dagslys, i ei godt gjenkorka lita flaske som ein merkar med substansnamn og «/100″ (første hundredels produkt eller C1).»

KS: «Findelinga skal skje med kraft, men likevel ikkje med så stor kraft at det pulveriserte mjølkesukkeret festar seg alt for godt til botnen av morteren og ikkje kan skarpast av innan 4 minutt.»

C2
O: «For no å bringe dette til /10000, tek ein eit gran av det første hundredels pulver (/100 eller C1) og legg det i morteren i lag med ein tredjedel av 100 gran pulverisert mjølkesukker, blandar alt saman med spatelen og går fram som skildra ovanfor, ved at ein omhyggeleg findeler kvar tredjedel kraftig to gongar, kvar gong i om lag 6-7 minutt, etterfølgt av lausskraping i 3-4 minutt, før ein har i den andre og den siste tredjedelen mjølkesukker. Etter tilførsel av kvar av desse tredjedelane, går ein fram på same vis som tidlegare. Når dette er gjort, heller ein pulveret i ei godt gjenkorka lita flaske, merka /10000 (C2).»

C3
O: «Ein går no fram på same måten med eit gran av dette siste pulveret og aukar det til ein milliondels potens (/I eller C3), slik at kvart gran av dette pulveret inneheld milliondelen av eit gran av den opphavlege substansen.»

Overgang til flytande form
KS: «For no å lage ei oppløysing av dette og få legemidlet som er potensert ein millionfald i pulver, over i flytande form (slik at dets kraftutvikling skal kunne fortsetje) kommer den, for kjemien, ukjende erfaring at alle legemiddelsubstansar som er redusert til potens /I (eller C3), blir oppløyselege i vatn og vinsprit, til nytte.

Den første oppløysinga kan dessutan ikkje skje med rein vinsprit, fordi mjølkesukkeret ikkje løyser seg opp i denne. Den første oppløysinga skjer difor i halvparten vatn og halvparten vinsprit.

Til eitt gran legemiddelpulver, potensert ein millionfald (/I eller C3)… dryp ein 50 dråpar destillert vatn, og ved å dreie flaska nokre gongar rundt sin eigen akse, løyser dette seg lett opp før 50 dråpar god vinsprit blir tilført –»

(NB! Blandingsforholdet som her er skildra gjeld C-potensar. Under tilverking av Q-potensar nyttar ein det blandingsforholdet som er skildra nedanfor.)

Q1
O: «Eitt gran av dette pulveret blir løyst opp i 500 dråpar av ei blanding som består av ein del vinsprit og fire delar destillert vatn… og ein einaste dråpe av dette blir drope i ei lita flaske. Ein tilset 100 dråpar god vinsprit (slik at flaska blir 2/3 full) og gir så den tett gjenkorka flaska 100 kraftige støyt med handa mot ein hard, men elastisk gjenstand (t.d. ei lærinnbunden bok). Dette er legemidlet i første dynamiseringssteg, som ein så fuktar bitte små sukkerkuler (lagd av stivelsesmjøl og røyrsukker) grundig med. Desse spreier ein så raskt ut på trekkpapir, tørker dei og oppbevarer dei i eit tett lukka, lite glas, merka med symbolet for første potenseringssteg (I eller Q1).»

Q2 til Q3
O: «Av desse nyttar ein berre ei einaste kule for ytterlegare dynamisering. Den vert putta (med ein dråpe vatn for å løyse den opp) i ei ny lita flaske og så dynamisert med 100 dråpar god vinsprit ved hjelp av 100 kraftige støyt, som tidlegare. Med denne åndelege legemiddelvæska fuktar ein på nytt bitte små sukkerkuler, spreier dei raskt utover trekkpapir, tørker dei, forvarar dei i eit tett lukka glas vekke frå sterk varme og dagslys og merker det med symbolet for andre potenseringssteg (II eller Q2).

Og slik går ein fram på same viset til ei kule av tjueniande potenseringssteg (XXIX eller Q29), løyst opp i ein dråpe vatn og tilført 100 dråpar vinsprit, har danne ei åndeleg legemiddelvæske ved hjelp av 100 støyt og dei bitte små kulene som blir fukta med denne og deretter tørka, har oppnådd trettiande potenseringssteg (XXX eller Q30).

Først gjennom slik bearbeiding av råe legemiddelsubstansar oppstår preparat som har evne til å påverke dei lidande delane i den sjuke organismen i høveleg grad og fjerne kjensla av den naturlege sjukdommen frå det nærverande livsprinsippet, gjennom liknande, kunstig sjukdomspåverknad. Dersom denne mekaniske bearbeidinga blir utført strengt etter ovanfor nemnde doktrine, fører det til at legemiddelsubstansen, som vi i ubearbeidd tilstand berre oppfattar som materie, til slutt blir fullstendig raffinert og omdanna til andeleg legemiddelkraft ved slike høgare og høgare dynamiseringar – ei åndeleg legemiddelkraft som i seg sjølv ikkje lengre kan oppfattast med våre sansar, men som den medisinske, preparerte, litle kula blir berar for – sjølv i tørr tilstand, men i langt større grad løyst opp i vatn – noko som blir bekrefta av den usynlege krafta si helande verknad i den sjuke organismen.»

Om forholdet mellom legemiddelsubstans og nøytralt medium
O: «I følgje mine første instruksar skulle alltid ein heil dråpe av væska i det lågare potenssteget tilsetjast 100 dråpar vinsprit med omsyn til høgare potensering, men svært grundige forsøk har overtydd meg om at dette forholdet mellom fortynningsmedium og mengde legemiddel som skal dynamiserast i det (100:1), er altfor snevert avgrensa til at ein mengde vanlege støyt skal kunne utvikle kreftene til den nytta legemiddelsubstansen tilstrekkeleg og i høg grad, utan at ein nyttar betydeleg kraft i slaga. Men tek ein derimot ei einaste lita kule, av ein slik storleik at 100 veg eit gran, og dynamiserer den med hundre dråpar (vinsprit), så blir forholdet 50.000:1, ja endatil større, fordi 500 slike små kuler ikkje heilt absorberer èin dråpe. Ved dette langt større forhold mellom legemiddelsubstans og fortynningsmedium kan mange støyt av den litle flaska, 2/3 fylt med vinsprit, føre til ei langt større kraftutvikling.

Men blir legemidlet i eit så ubetydeleg fortynningsmedium som 100:1, så å seie påtvungen svært mange støyt ved hjelp av ein kraftig maskin, oppstår legemiddel som særleg i dei høgare potenseringsstega, verkar nesten omgåande, men med brå, endatil farleg intensitet, særleg på dei veike pasientane, utan å føre til vedvarande, mild motverkand frå livsprinsippet. Det nye tilverkingssettet eg har skildra ovanfor, fører derimot til legemiddel av høgste kraftutvikling og mildaste verknad, som rører ved alle sjuke punkt på ein kurerande måte, dersom dei er presist valte.»

Kommentarar frå Brita Gudjons:
Rett storleik på dråpene får ein ved å la dei falle ved hjelp av eiga tyngde, t.d. ved å halde ei kork inntil flaskemunningen og la dråpene sive ut.God vinsprit tyder 90% alkohol laga av druevin. Støyting av flaksa skjer ved at ein held handa i høgde med hovudet og let armen falle av seg sjølv, slik at botnen av flaska støyter mot underlaget.