Brita Gudjons

Potensering i praksis – eit møte med Brita Gudjons

Av
homøopat Svein Johannessen
Kvamsøy april 1996
svein@homnor.no

Brita Gudjons er farmasøyt og driv firmaet Homöopatisches Labor Gudjons, som tilverkar alle legemiddelpotensane for hand. Brita er svært oppteken av å følgje Hahnemann sine retningsliner under tilverkinga av legemidla og har difor søkt om, og fått, særskild løyve hjå dei tyske styresmaktene til å framstille dei homøopatiske legemidla nøyaktig slik han har skildra det i «Dei kroniske sjukdommane, deira særeigne natur og homøopatiske kur» (2. utg.) og «Organon» (6. utg.). Farmasøytar er visstnok elles pålagde å følgje andre farmakopèar..!

Under Homøopatisk Fagforum si faglege samling i mars 1996 ga Brita oss ei innføring i den handtverksmessige sida av potenseringsprosessen. Via dei historiske hendingane rundt utgjevinga av 6. utgåva av Organon — om Melanie som heldt att manuskriptet, om von Bönninghausen som kjende til at denne utgåva ville innehalde visse endringar med omsyn til potensane og endra sett å administrere legemidla på, om den Kentianske skulen som måtte nøye seg med 5. utgåva, om bruk av stadig høgare (maskintilverka) potensar, om homøopatane si neglisjering av korleis legemidla blir tilverka og den første tilnærminga til LM-potensane eller Q-potensane, som Brita vel å kalle dei (av quinquagies millesimale) først 25 år etter utgjevinga i 1920 — nærma vi oss hovudtemaet gjennom ei kort innføring i korleis Hahnemann utvikla legemiddelpotensane — ved å ta utgangspunkt i dei legemiddelsubstansane folkemedisinen kjende til frå tidlegare tider (t.d. belladonna, hyoscamus, arnica, veratrum o.s.b.), ved å bruke berre èin substans om gongen, ved å tilpasse dosane i ulike uttynningar for å gjere dei mildare, ved å gjere noko så genialt som å dele \ein drope i fleire hundre delar ved hjelp av sukkerkuler, ved å oppdage at legemidla fungerte betre jo meir opplysinga blei støytt o.s.b.

Hahnemann justerte og finslipte behandlingsverktyet sitt heile livet og stoppa heller ikkje ved dei milde og verksame C-potensane. For kraftige forverringar i dei høge potensane og forgiftningssymptom i dei lave, samt erfaring med at det ikkje var heldig å repetere same C-potensen så lenge forrige dose framleis verka, førte til ytterlegare perfeksjonering med omsyn til administrering av legemiddelpotensane (§§ 246 — 248) og utvikling av Q-potensane (§ 270). Han endra også framgangsmåte undervegs, slik at alle substansane blei findelte med mjølkesukker fram til /1000000 (C3) sjølv om dei i utgangspunktet var flytande (t.d. pressa plantesaft, tinkturar, kvikksølv, mineralolje etc.) i tillegg til at han i størst mogleg grad nytta fersk, ubearbeidd substans som utgangsmateriale ved middel frå planteriket (§ 271).

Under ein praktisk-teoretisk gjennomgang av (den tørre) dynamiseringsprosessen fram til /1000000 (C3) og vidare derfrå til II eller Q2 (i flytande form) nytta Brita difor ferske kronblad av ringblom som utgangsmateriale. Eit par gran (124 mg) blei lagt oppå en tredjedel av 100 gran pulverisert mjølkesukker i ein mattslipt porselensmorter, og det heile blei blanda godt saman med ei porselensskei før sjølve findelinga tok til med ein porselenspistill. Det var svært fascinerande å sjå kor få omgangar med pistillen som skulle til før kronblada blei pulveriserte av dei kvasse mjølkesukkerkrystalla og blanda seg med desse til ein homogen pulvermasse — eit syn som i stor grad blei framheva av fargen på kornblada. Den stadig lysare fargen illustrerte samstundes godt korleis legemiddelsubstansen blei redusert etter kvart som meir mjølkesukker blei tilført. Pulvermassen var kvit allereie ved /10000 (C2).

Brita viste heile tida til Hahnemann sine instruksar og kopierte dei nøyaktig. Med omsyn til detaljar rundt sjølve dynamiseringsprosessen viser eg difor til mi omsetjing av Hahnemann sine retningslinjer.

Sjølv om potenseringsprosessen er tid- og arbeidskrevjande (3 timar fram til /1000000 eller C3), var det utruleg å sjå kor lita mengd legemiddelsubstans ein treng som utgangspunkt for tilverking av relativt store mengder legemiddelkuler på storleik med valmuefrø (der 100 veg eitt gran); i vårt tilfelle: 2 — 3 ferske kronblad for tilverking av 31 g (50.000!) kuler i første potenssteg (I eller Q1). Når kvar einskild av desse kulene samstundes er utgangspunkt for tilverking av om lag 50.000 nye kuler i neste potenssteg (II eller Q2) og kvar einskild av desse igjen er utgangspunkt for tilverking av om lag 50.000 kuler i potenssteget deretter (III eller Q3) o.s.b., blir potensialet mest ufatteleg!

Brita skildrar sjølve findelingsprosessen som ei form for meditasjon, der ein konsentrerer seg om å motta informasjon frå substansen — i form av indre bilete og strukturar. Når ein jobbar med legemiddelsubstans på denne måten, vil ein i tillegg motta informasjon i form av fysiske symptom (prøving). Ein bør difor alltid ha penn og papir (og evt. ein antidot) for handa når ein potenserar.

Kamfer synast å vere den einaste sikre antidoten, når den blir teken innvortes eller ved sniffing. Den nøytraliserer og nullstiller medan andre såkalla antidotar sannsynlegvis berre fører pasienten i ei ny retning, utan å nullstille. Brita vil av erfaring ikkje gå god for kaffi som ein sikker antidot.

Det var elles tankevekkjande å høyre Brita fortelje om kor mange år ho har brukt og kor mykje arbeid ho har lagt ned for å få fatt i dei rette substansane — denne stadige søkinga etter akkurat den planten eller det mineralet, som berre finst akkurat i det eller det området. Skal vi vere i stand til å gi våre pasientar individuelt simillimum og unngå frustrasjon på grunn av at forventa effekt uteblir, er denne delen av prosessen vesentleg. Dersom dei legemidla vi administrerer ikkje heilt samsvarer med den materia medica vi nyttar og dei prøvingane den skildrar, får vi uante problem undervegs. Vi bør difor vere svært takknemlege for at nokon gjer dette arbeidet for oss! Men når ein samstundes høyrer om ulik praksis hjå dei ulike legemiddelprodusentane, om gjenbruk av flasker og redestillering av sprit som frå før har vore nytta til andre substansar og andre potensar, om bruk av berre til dels rette substansar, om ulik praksis med omsyn til støyting av flasker (alt frå lett dasking til bruk av «hardhendte» maskinar) o.s.b., snik det seg inn ein viss skepsis med omsyn til i kor stor grad vi eigentleg kan stole på dei legemidla vi kjøper og kor dette eigentleg lemnar oss i vår streben etter å restaurere den homøopatiske behandlingsmetoden og slipe opp att dei reiskapane Hahnemann etterlot seg. Skal vi verkeleg vere nøydde til å gå den lange vegen og tilverke legemidla sjølve, slik han råder oss til å gjere?! (Jfr. §§ 264 og 265)

Uansett, etter mest fem nye timar i handtverksmessig konsentrasjon — med mjølkesukker og sublimert svovel i kvar sin morter, den monotone lyden av pistillar i sirkelrunde rørsler, den særeigne svovellukta, oppløysing av pulverisert masse i væske, støyting av flasker, fukting og tørking av dei bitte små sukkerkulene, korking og merking av flasker — sat eg igjen med ei god kjensle av å ha forsert eit uoverkommeleg hinder og teke eit steg i riktig retning. Det er inga tvil om at møtet med handtverkaren Brita Gudjons og hennar solide kjennskap til denne delen av faget vårt, er ein svært viktig del av vår faglege utdanning og utvikling mot større forståing av homøopatien. Så får eg berre audmjukt innsjå at eg framleis er på modellæringsstadiet . Men ein stad skal ein vel byrje..?!

Og legemiddelsymptoma uteblei heller ikkje..!