Homøopatien og autorisasjonsspøkelset

I samband med den offentlige presentasjonen av Aarbakkeutvalget si utgreiing om alternativ medisin (NOU 1998:21) fekk vi sjå eit glimt på TV2 der ein homøopat trakk på seg ein kvit legefrakk idet han sette seg foran sin pasient. Dette var tydeleg ei symbolhandling for å visa det offentlige rom kva slags ambisjonar og mål ein del av det alternative medisinske miljøet i Norge har.

Det er nå på tide at folk flest og politikere som i framtida skal vera med å bestemma kva slags plass den alternative medisinen bør ha innan vårt helsevesen, får informasjon og kunnskap om det alternativ-medisinske landskapet og at det eksisterer sterke motstridande krefter innan dette miljøet.

Grovt skissert er desse leirane delt i dei som vil ha ein autorisasjon fortast mogleg fordi dei utifrå eiga vurdering kjenner seg kvalifisert nok til å imøtekoma publikum og styresmaktene sitt krav om profesjonalitet og dei som vil ha ein autorisasjonprosess som bør gå over fleire år, og som vil ha ei godkjenning ut ifrå alternativmedisinen sine eigne premissar.

Sjøl er eg tilhengjar av dei sistnemde. Dette standpunktet har grodd fram gjennom erfaring frå 11 år i heildagspraksis med homøopati og soneterapi som hovudterapiformer. Sidan homøopatien ligg mitt hjarte nærast og som i dag blir forsøkt «patentert» av einskilde autorisajsonshungrige grupperingar, blir dette utgangspunktet i underbyggjinga av mitt standpunkt. Dessutan har homøopatien ein interessant historie som eg skal koma attende til.

Å tileigna seg kunnskap om homøopatien er på mange måtar eit livsstudie. Dei grunnleggjande vitskapelege prinsippa kan kvar og ein tileigna seg. Den meir kunstnarlege (som er til stades i alle fag) delen av faget som krev syntetiserande eigenskapar, treng øving og atter øving gjennom mange år.

Kunnskapstradisjon
I sitt grunnvesen tilhøyrer homøopatien den empirisk/humanistiske tradisjonen. Dette kjem kanskje klarast til uttrykk gjennom den homøopatiske farmakologien. Alle dei homøopatiske legemidla er utprøvd på normalt friske menneske. Her er mennesket plassert i midten og må via eigne subjektive iaktagingar uttrykkja ideen i substansen/stoffet via språket – ikkje via kjemiske analysar eller dyreforsøk. Substansen/stoffet blir gjennom mennesket omgjort til eit symptomspråk av sterk individuell karakter – den humanistiske farmakologien. Der er pr. i dag gjort utprøvingar på mange hundre substansar/stoff, noko som tilseier eit terapeutisk potensiale som femner om eit stort omfang av individuelle sjukdomsuttrykk.

Det er såleis eit paradoks når dei mest autorisasjonshungrige oppgraderer den skulemedisinske delen av studiet, når det er tydeleg kva kunnskapstradisjon faget tilhøyrer. Taktikken er ikkje vanskeleg å avsløra. Å eta kirsebær med den leiande kunnskapstradisjonen innan den medisinske verden gjev nok høgare status, men praksis viser at homøopatifaget blir taparen i dette spelet. Den skulemedisinske delen må finna sin naturlege plass i eit homøopatistudie, men må ikkje bli brukt som ei brekkstong for å koma inn i eit selskap vi ikkje tilhøyrer. Både sjukdomsforståing, farmakologien og behandlingsstrategien er totalt motsette i skulemedisinen (allopatien) og homøopatien. Dei vil aldri kunna møtast, men dei kan leva godt ved sida av kvarandre i eit fleirhelsevesen der kvar tek vare på sin eigenart og samstundes viser respekt og evne til
konstruktiv kommunikasjon. Vi har så absolutt bruk for begge kunnskapstradisjonane. Men eit slikt fleirhelsevesen vil ta lang tid å utvikla. Aarbakkeutvalget sin NOU-rapport er eit godt grunnlag i så måte.

Dei autorisasjonshungrige
Kven er så desse autorisasjonshungrige?
For homøopatien sin del er desse representert ved Norske Homøopaters Landsforbund (NHL) – og for akupunkturen sin del, Norsk Forening for Klassisk Akupunktur (NFKA).
Går vi til samansetninga av styret i NHL, ser vi at mest samtlige er uteksaminert frå Norsk Akademi for Naturmedisin (NAN). Dette er ein velkjend repetisjon av organisasjonshistoria – kvar hegnar om sine. Som ein organisasjon med respekt for seg sjøl, har NHL i mange år marknadsført seg med at alle som oppsøkjer ein homøopat MNHL er sikra kvalitet når det gjeld homøopatifaget. Det er i denne samanhengen interessant å studera homøopatisidene i den Gule telefonkatalogen. Her står den eine homøopat MNHL etter den andre oppført med fylgjande terapeutiske tilbod: urtemedisin, øyreakupunktur, mineralterapi, soneterapi, kostterapi, homøopati osb. Dette tilbodet er i og for seg greitt, men når foreininga samstundes lefsar med politikarane om å godkjenna dei som homøopatar og inga ting anna, då blir smaken i munnen mest ikkje til å halda ut med. NHL må i sanninga si ånd stå fram og seia kven dei eigentleg er – nemleg blandingsterapeutar. Som sagt er det få som klarer å ri mange hestar på ein gong. Homøopatidelen i det terapeutiske tilbodet viser seg i praksis å bli nedprioritert. Det er eit ganske naturleg val i ein slik praksissituasjon, sidan homøopatien er det mest krevjande faget å utøva og som det er vanskelegast og opparbeida seg eit levebrød av. Ergo blir homøopatien ein støtteterapi til dei andre faga.

Historie
Eg nemnde at homøopatien har ein interessant historie å visa til. Homøopatien sin grunnleggjar, Samuel Hahnemann, som sjølv var utdanna lege, var klar i sin tale når det gjaldt forholdet mellom homøopati og allopati. Han skjøna fort at homøopatien aldri ville få vist sitt terapeutiske potensiale dersom den blei ein integrert del av det allopatiske medisinske systemet.

Homøopatien sin historie i USA kan vera eit illustrerande døme på korleis det går når homøopatien blir ein underavdeling under allopatien sin vingar.

Rundt år 1900 fantes det i USA omkring 100 sjukehus, med til saman 10000 sengeplassar, der homøopati var den einaste form for behandling. Homøopati blei undervist ved 23 universitet og 500 kandidatar blei uteksaminert kvart år. Det fantes over 9000 praktiserande homøopatar i USA på den tida. I 1920 var alle sjukehus stengt og det fantes berre 2 skuler att som blei stengt kort tid etter. I 1950 fantes det mellom 50 og 100 praktiserande homøopatar, og alle var over 50 år gamle.

Ei av årsakene til den radikale nedgangen, var at legeforeninga og den farmasøytiske industrien tok homøopatien og homøopatane inn i varmen og godkjente dei på legen/farmasien sine eigne premissar. Alle homøopatar fekk tilbod om å bli medlem av legeforeninga, og samstundes fekk alle leger like rettar til å utøve faget homøopati. Resultatet av dette blei ei jamt dårlegare kvalitativ utøving av homøopatien i og med at mange ikkje hadde god nok, eller mangla heilt kompetanse i faget. Undervisninga blei også overtatt av stort sett ikkje-praktiserande homøopatar, sidan legeforeninga hadde bestemt at forelesarane skulle vera professorar som sysla med enten forsking eller undervisning på heiltid.

India
Den sløkkande «homøopati-elden» i USA fekk ny næring då den på ein eller anna måte nådde India. Indarane hadde kanskje fått med seg kva som hadde skjedd på den andre sida av kloden, for her fekk homøopatien lov til å utfolda seg på sine eigne premissar. India er det landet i verda kor homøopatien står sterkast. Arbeidet fram mot godkjenning av homøopatien som ein del av det indiske helsevesenet begynte i 1937 og fekk sin siste lovregulering i 1983, med klare retningslinjer for utdanning av homøopatiske legar. Altså ein autorisasjonprosess som har strukke seg over 46 år. Det finnes i dag 19 universitet som oppfylgjer desse krav. Minstekrav for å ta eksamen er at ein har vore til stades ved i overkant av 5000 timar klasseundervisning. Heile det siste året tar form av hospitering på eit av landets offentlege sjukehus. Utdanninga gjev full opplæring i teknologisk utstyr som røntgen og laboratorieundersøkjingar, og desse homøopatlegane har løyve til å foreta mindre kirurgiske inngrep, skrive ut dødsattest osb.

Ein reknar med at det pr. i dag finnes ca. 100 000 praktiserande homøopatar i India.
Homøopatien i Norge er berre i sin «ungdom». Det er berre eit fåtall som har dette faget som fulltidsyrke og som klarer å leva av det. Det har ikkje noko med at helsemarknaden ikkje vil ha denne terapiforma, men eine og aleine at det forsett er få som beherskar dette krevjande faget.

Styresmaktene og politikarane må få klar melding om at slik er landskapet, og ikkje bli manipulert av grupperingar som mel si eiga organisasjons-kake. Utdanning og kven som er kompetente til å driva undervisning i eit slikt ungt fag her til lands, blir også sentrale og avgjerande oppgåver framover. Sidan styresmaktene ikkje har kompetanse i å vurdera kva som er kvalitet innan denne kunnskapstradisjonen, må denne oppgåva i fyrste omgang bli tillagt fagmiljøet sjølv. La oss framover få arbeidsro slik at vi kan framvisa vårt terapeutiske potensiale utan å måtta ty til laugsvesenet sitt meir eller mindre falske dugleikstempel. Det er i tråd med den komande tidsånda – ten mennesket ut ifrå individuell ståplass og ikkje i kraft av eit medlemskap i ein organisasjon eller eit laugsvesen.

John Petter Lindeland
Nøtterøy 20.mai 1999