Forsøk ved munnkirurgi på begge sider

Effekt av homøopatisk medisin når det gjeld smerte og andre forhold ved akutte trauma: Placebo kontrollert forsøk ved munnkirurgi på begge sider.
Per Løkken, Per Atle Straumsheim, Dag Tveiten, Per Skjelbred, Christian Fredrik Borchgrevink

Ein kommentar

Homøopatien arbeider etter fylgjande læresetning/naturlov: similia similibus curentur – liknande kurerar liknande. S. Hahnemann skriv i Organon 6 . utgåve i § 3: «... hvordan han mest riktig kan anvende lægemidlet efter dets natur (valg av lægemidlet), fordi han tilbereder det nøyaktig som krævet og giver den rette mengde av det (korrekt dosering), samt gjentage denne dosis nøyaktig når det kreves …». Han peiker her på tre hovudfaktorar for å få eit godt resultat:

  1. Legemidlet må vera similimum til dei aktuelle symptoma.
  2. Dose og potens må vera similimum.
  3. Repetisjonar av legemidlet er som regel alltid naudsynt.

Til punkt 1:
Sidan dette forsøket omhandlar eit akutt hendelsesforløp, kan det vera nyttig å ta utgangspunkt i § 5 i Organon: «Dessuden vil det hjælpe lægen til at helbrede, hvis han kan fastslå den mest sandsynlige udløsende årsag ved den akutte sygdom …». I dette forsøket er kirurgisk inngrep den utløysande årsak.
I nemte forsøk er fylgjande middel valgt: arnica, hypericum, staphisagria, ledum, phosphorus og plantago. Diskusjon om valg av middel lar eg liggje her. Det har eg ingen forutsetning for å vurdera med dei opplysningane eg kan lesa ut av Abstract frå the British Medical Journal . Eg vil imidlertid i sluttmerknaden kommentera administrasjonen av den homøopatiske medisinen i forsøket.

Til punkt 2:
§ 275: «Tilpasssetheden af et lægemiddel avhænger ikke kun av, at det er præcist, homøopatisk valgt, men også af den korrekte størrelse ( eller rettere sagt lidenhed) af den enkelte dosis. « Sitat slutt. I §§ 276 – 279 utbroderer han dette meir. Når det gjeld spørsmået om kor stor dosen skal vera, er dette blant anna avhengig av kor sensitiv pasienten er , jfr. § 281 og 282.

Til punkt 3:
§ 246: «Så lenge der sker en markant, progressivt forløpende forbedring under behandlingen, må der ikke gives mere medisin av nogen slags, fordi alt det gode, det inntagne lægemiddel kan gjøre, accellereres henimod afslutningen av intagelsen.
Dette er ikke sjældent tilfeldet ved akutte sygdomme.»

På slutten av paragrafen: «Men potensgraden i hver dosis skal være noget forskjellig fra den foregående og den følgende dosis …» Jfr. § 158.

§ 247: «Det er umuligt forehavende at gjentage, selv en gang, præcist den same medisin-dosis uden at modifisere den, for slet ikke at tale om mange gange (og med korte intervaller, fordi man ikke ønsker at forsinke helbredelsen).»

Så kjem ei meir detaljert forklaring kvifor.

I fotnota til § 248 blir oppskrifta for plusspotensering forklart

Merknad:
Det er ein stor missforståelse at plusspotensjonsmetoden bare gjeld LM-potensar. Det gjeld sjølvsagt også for C – og D- potensar.

I nemte forsøk er det brukt D30. Medisinen er administrert slik: Kvar forsøksperson fekk utlevert eit sett flasker som inneholdt 100 sukkerkuler av kvar av dei seks middla som blei brukt. Liknade sett med «placebo-sukkerkuler» blei brukt (også merka med namn på middla). Det blei gjeve eit middel av gongen.

Den homøopatiske behandlinga starta 3 timar etter avslutning av operasjonen. Ein dose var synonymt med 3 sukkerkuler. Kvar dose blei repetert kvart kvarter dei fyrste 3 timane, deretter ein dose kvar time inntil sengetid; og to dosar den neste morgonen med eit intervall på 3 timar. 24 timar etter at behandlinga starta, blei symptoma hjå dei ulike pasientane re-evaluert. Behandlinga bestod deretter av 4 dosar inntil sengetid, enten ved bruk av det fyrste valget middlet eller eit av dei seks andre nemte. 3 dosar for dei fem neste dagane blei gjeve dagleg.

Merknad:
Potensvalg: i eit akutt hendelsesforløp er som regel symptoma av vital karakter – det dynamiske potensialet er stort. Det homøpatiske legemiddlet må også «stillast » inn på det same «vitalitetsnivået» for at kravet til eit simulimum skal vera innfridd. (Jfr. innledninga av denne artikkelen.) Eg vågar ikkje å kommentera potensvalget på grunnlag av det som kjem fram i rapporten.

Dose:
§159: «Jo mindre doseringen af det homøopatiske middel er ved behandling av akutte sygdomme, desto mildere og kortere er denne tilsynelatende forstærkning av sygdommen i de første timer».

I forsøket blei det brukt 3 kuler pr. dose. Etter Organon er dette ein stor dose. (sjølvsagt også avhenngig av kor stor sukkerkulene er). Jfr. § 137. Dersom legemiddlet i tillegg er similimum til dei aktuelle symptoma, vil det kunna føra til skade. Jfr. § 275. «… Fordi legemiddlet er homøopatisk, vil det nettopp ramme dele av organismen, som er mest sensitive, fordi de allerede er påvirket af den naturlige sygdom.»

Repetisjon:
I forsøket er legemiddlet repetert i same potens og dynamisering. Det er altså administrert på same måten som ein gjer ved ei utprøving av eit homøopatisk middel. Jfr. § 128. Medisinen er repetert umodifisert utan å ta omsyn til kva som står i § 246.

Sluttmerknad:
Eg kan ikkje sjå at dei personane som har stått for den homøopatiske delen av forsøket har fulgt nokon av dei førevisningane som står i Organon 6. utgåve og i Chronic Diseases, korkje når det gjeld dosering, repetisjon og generell administrasjon av legemiddlet.
Under overskrifta Discussion står det blant anna : «The few individualising symptoms in the patients (for example, low pain) made it difficult to chose the most appropriate homeopathic medicine. No surprisingly, 21 of the 24 patients ended up with arnica. Arnica is recognised by homeopaths as the remedy par exellence for wounds and injuries, not least to reduce the effect og dental surgery.»

Eg forstår godt at ei individualisering kan vera vanskeleg, spesielt 3 timar etter eit kirurgisk inngrep der det har vore brukt bedøvelesemiddel. Alikevel er det fyrste middelvalget fordelt med 9 for arnica, 7 for phophorus, 5 for hypericum, 1 for ledum, 1 for staphisagria og 1 for plantago. Det ligg eit paradoks her som eg ikkje heilt skjønar.

Til slutt vonar eg at neste forsøksprosjekt blir eit forsøk på homøopatien sine premisser, og ikkje eit nytt forsøk der homøopaten sjøl blir «forsøksobjektet».

Sitat frå Organon er henta frå den danske oversetjinga av translatør Jan Als Johansen, Thaning og Appel.

John Petter Lindeland
Nøtterøy 25. september 1999