Behandlingsreaksjonar og helingsprognose

James Tyler Kent
James Tyler Kent

James Tyler Kent var ein av pionerane innan homøopatien i USA, og har hatt stor verdi for utbreiinga og utviklinga av faget elles i verda. Hans mest kjende verk er symptomregisteret Repertory of the Homoeopathic Materia Medica. Dette har vore eit uvurderleg verktøy i dei fleste homøopatiske praksisar – om enn i dag utvida og korrigert; men strukturen er den same.

I boka Lectures on Homoeopathic Philosophy gjev Kent ei utdjuping av dei fleste paragrafane i S. Hahnemanns Organon. I kapittel 19 gjev han ei oppsummering i tolv punkt når det gjeld «prognosar etter å ha observert verknaden av midlet (det homøopatiske)». Sjølv om framføringa er relatert til homøopatien, trur eg dette er allmenngyldige observasjonar som ein vil kunna erfara ved mange ulike behandlingsmetodar. I alle fall har eg sjølv hatt stor nytte av denne kunnskapen, utan omsyn til om eg brukar homøopati eller soneterapi. Mi von for denne omsetjinga, er at fleire skal få augo opp for at generell kunnskap i ein terapiform ofte kan nyttast i ein annan med hell. Felles strategi for alle naturterapeutiske behandlingsmetodar, er å stimulera organismen sine eigne helingsprosessar gjennom primær aksjon, som igjen fører til ein sekundær kroppsreaksjon. Som Kent skriv, kan sekundærreaksjonen gje oss nyttig kunnskap om vevstilstanden i ein organisme, og dermed også om prognose for heling.

  1. Fyrste observasjon – ei forlenga forverring og til slutt ei svekkinga av pasienten
    Forklaring: Den antipsoriske medisinen har gått for djupt og har ført til destruksjon. (Kan tyda på at det er brukt for store dosar og for høg potens.) I dette tilfellet var den vitale reaksjonen (sekundærreaksjonen) ikkje tilfredsstillande – vedkomande var ein uhelbar pasient. Kva gjer ein så? (Kent talar her om at ein ikkje må gje høgare enn 30 eller 200 potensar. I siste setninga gjev han råd om å gå ned på dei lågare potensar – i tilfelle med tilsynelatande uhelbare pasientar.)
  2. Andre observasjon – ein lang forverring, men til slutt ei sein forbetring
    Forklaring: Dersom pasienten, etter nokre veker, er litt betre før han tok dosen, er det håp om at symptoma til slutt vil visa seg i ytre vev av organismen og ei forbetring vil skje. Dette kan gjenta seg fleire gonger i eit behandlingsforløp.
    Sannsynlegvis er dette ein pasient med varige (på grensa mellom reversibel/irriversibel patologi) vevsforandringar.
  3. Tredje observasjon – dersom forverringa er rask, kort og sterk med rask betring av pasienten
    Forklaring: I dette tilfellet vil pasienten få ei lang og god betring. Også indikasjon på lite eller ingen strukturforandringar i vev og organ.
    Kent poengterte at ein må skilja mellom organiske forandringar i vitale organ og forandringar i strukturar som ikkje er livsviktige for å oppretthalda livsfunksjonane.
  4. Fjerde observasjon – kuren er framgangsrik, men middlet har aldri klart å framkalla ein sekundær reaksjon
    Forklaring: Her er det ikkje tale om ein organisk sjukdom, og ingen tendens til organisk sjukdom. Kan vera tale om dynamiske forandringar i nervefunksjonar – ikkje djuptliggjande. I slike tilfelle er det også sannsynleg at potensen er nøyaktig similimum.
  5. Femte observasjon – forbetringa kjem fyrst, og etter det forverringa
    Forklaring: Enten er midlet overflatisk i forhold til symptomatologien og kan ha verka som eit palliativ, eller at pasienten er uhelbar.
    Viktig i slike tilfelle (der du er sikker på similimum) er å vurdera om pasienten har antidota på ein eller annan måte.
  6. Sjette observasjon – forbetring/lindringa av symtoma har for kort varighet
    Forklaring: I akutte tilfelle med kort forbetring, tyder det på at vitale organ er truga av den pågåande prosessen. I kroniske tilfelle, tyder det på strukturforandringar i vev og at organ er øydelagt eller er i ferd med å bli det.
  7. Sjuande observasjon – symptoma er bra så lenge midlet verkar i organismen, men pasienten blir ikkje kurert
    Forklaring: Dette kan gjelda for pasientar som t.d. har ei nyre. Kuren kjem til eit visst stadium, men ikkje lenger. Dei homøopatiske middlar verkar som palliative i slike tilfelle.
  8. Åttande observasjon – pasienten får prøving på kvart inntatt middel
    Forklaring: Dette gjeld oversensitive menneske. Jfr. § 117 i Organon. Kent tilrår å gå ned til C 30 og C 200 potensar.
  9. Niande observasjon – utprøving av middel på friske personar
    Forklaring: Jfr. § 114 i Organon. Bortsett frå narkotiske stoff, er det bare dei primære verknadar av eit middel som skal danna grunnlag for materia medica.
  10. Tiande observasjon – nye symptom kjem til syne etter inntak av middlet
    Forklaring: Kan vera gamle symptom som ikkje pasienten minnest/har observert, men som regel resultat av feil middel.
  11. Ellevte observasjon – gamle symptom kjem til syne att
    Forklaring: Jfr. Herings observasjon/”lov”. Dersom dei gamle symptoma vedvarer, er ofte repetisjon av dosen naudsynt. (Men alltid simillimum.)
  12. Tolvte observasjon – symptomatologien går i gal retning
    Jfr. Herings «lov».

John Petter Lindeland
Nøtterøy august 2007